Illyria av Bryony Lavery


Illyria vart opphavleg skrive for Connections, den engelske varianten av DUS, med National Theatre i London som leiar. Dramatikaren Lisbet Hilde har omsett teksta for DUS. Illyria er eit land prega av krig. Det er eit oppdikta land. Dit dreg den unge journalisten Maria Vargas, med det ufødde barnet sitt i magen. Ho møter menneska der, blir fortald historier frå fortid og notid. Ho høyrer om livet deira og barna deira. Ein gong var Illyria berømt for dei grøne skogane, ein gong kjent for musikken sin. No berre kjent for krig. Illyria er skrive som ein teaterfabel, om eit land som ikkje finst, men som forfattaren antyder kunne ha vore Bosnia, Vietnam, Irak, Irland eller Tjetsjenia.

Roller:
Maria Vargas – journalist
Magda – Tolk
Marie-Therese – tjener
To sjåfører
Theresa – tjener
Mary – tjener
Lapin – byråkrat
Conrad – sekretær
Fabian – soldat
Violent – soldat
Obseno – soldat
Feste – soldat
Andreas – soldat
Madame – en elskerinne
Flavia - en tjenestepike
Skomaker
En mann
Klikk her for å gå til stykkebank