Mark Ravenhill
Mark Ravenhill er utdanna ved Bristol University. Der studerte han engelsk og drama. Han er skodespelar og dramatikar og har hatt jobb ved London-teatret Soho Poly. Det første stykket hans var The fist. Dette er ein dialog på ti minutt som vart framført første gongen på Finborough Pub Theatre Venue i London. Denne teksta vart vidareutvikla til Shopping and Fucking etter oppmoding frå instruktøren Max Strafford-Clark ved Out of Joint Theatre Company. Shopipng and fucking hadde urpremiere i september 1996 ved Royal Court Theatre i London, og dette oppsiktsvekkjande stykket gjorde Ravenhill kjend langt utanfor Englands grenser. Mark Ravenhill har seinare skrive blant anna Faust is Dead, 1997, Handbag, 1998, Some Explicit Polaroids, 1999, Mother Clap’s Molly House, 2001, og Totally Over You, 2004. Han er omsett til fleire språk og framført i ei rekkje land.