Chenjerai Hove
Hove er frå Zimbabwe og blir rekna som ein av dei viktigaste afrikanske forfattarane og kommentatorane. Tematisk krinsar han rundt humanisme, og han har skildra dei vanskelege kåra for landarbeidarane og kvinnene i eit land der mange menneske blir lausrivne frå livet og tradisjonane sine. Hove har skrive både poesi, prosa og dramatikk og har gitt ut fleire bøker. For boka
Bones fekk han Noma-prisen i 1988, og den er omsett til ei rad språk. På norsk kom denne boka i 1990, under tittelen
Knokler.
I dag er Hove tvinga til å leve i eksil fordi han har ytra seg kritisk mot regjeringa Mugabe. Han kom til Noreg i 2005, som invitert Fribyforfattar i Stavanger, og der bur han i dag.