Korleis bli med i DUS?

Vi har no avslutta rekrutteringa av teatergrupper til runde 12 av DUS. 

Om DUS runde 12

Tekstane til runde 12 av DUS blir sendt ut til alle DUS-gruppene i mai/juni i 2026. Kvar gruppe vel kva for ein tekst dei ønskjer å jobbe med i noko tid før det innleiande DUS-seminaret som finn stad på Teater Innlandet 18.-20. september 2026. Dit sender kvar gruppe ein representant som får arbeide med teksten og fagleg påfyll. 
Gruppa arbeider så med sin tekst i løpet av hausten og fram til den regionale festivalen som finn stad på våren 2027. Ei gruppe frå kvar festival vil også bli invitert til å spele sin framsyning på Det Norske Teatret under den landsdekkjande festivalen som i runde 12 finn stad 20.-22. mai 2027. Alle DUS-grupper blir også invitert til å delta på festivalen.

For å vere med i DUS har vi nokre retningslinjer

  • Alle deltakarar er mellom 13 og 19 år.
  • Antall deltakarar er maks 15 per gruppe.
  • Framsyninga skal vare mellom 30-60 minutt.
  • Det skal ikkje brukast mygg på scenen.
  • Det skal brukast minimalt med scenografi.

Om gruppa ikkje oppfyller alle retningslinjene er vi fleksible, så ta kontakt likevel.

Ønskjer din gruppe å vere med i DUS?

Send ein e-post merka med DUS med informajon om gruppa til vår regionale partnar i din region:

Kontakt Finnmark og Troms

Kontakt Nordland

Kontakt Trøndelag

Kontakt Møre og Romsdal

Kontakt Vestland

Kontakt Rogaland

Kontakt Agder

Kontakt Vestfold og Telemark 

Kontakt Innlandet

Kontakt Buskerud

Kontakt Akershus

Kontakt Oslo

Kontakt Østfold