I oktober samla Brageteatret alle DUS-gruppene i Buskerud for eit ungdoms-kick off. Her fekk ungdomane bli kjent med kvarandre på tvers av sine teatergrupper og delta på kurs i mellom anna skodespelarteknikk, devising, stemmeteknikk og teaterleik. Ungdomane fekk også sjå to av Brageteatret sine ungdomsframsyningar.
DUS var med å støtte kick offet saman med Brageteatret og Sparebankstiftinga. Vi vonar helga var til stor inspirasjon, og gler oss til å sjå korleis deltakarane bruker det dei har lært under DUS-festivalen på Brageteatret 22.-23. mars 2025!