Helga 20.-22. september samla vi 130 gruppeleiarar, instruktørar, dramatikarar, kurshaldarar, skodespelarar og regionale partnarar frå heile Noreg til eit innleiande DUS-seminar på Teater Innlandet. Her har deltakarane fått møte dramatikaren bak teksten eller konseptet dei har valt å lage i framsyning av i den ellevte runden av DUS. I tillegg til å analysere tekstmaterialet har deltakarane også vore igjennom tre kurs: Sceneovergangar med Hans Henriksen, Om skodespelarinstuksjon med Terje Strømdahl og Introduksjonskurs i Viewpoints med Huy Le Vo. Det har vore ei intensiv helg med masse inspirerande samtalar som vi vonar alle tar med seg tilbake til sin del av landet og delar med sine grupper og samarbeidspartnarar.
Vi gler oss til å sjå alle dei over 80 DUS-framsyningane seminardeltakarane no skal jobbe med fram til våren 2025!