Helga 21.-23. juni deltok DUS landsfestivalen til UKM i Bodø.
Under festivalen blei det lest eit utdrag frå ein av dei nye DUS-tekstane av den unge skodespelaren Helena Ødven. DUS arragerte også ein samtale kor dramaturg Anders Hasmo snakka med Helena Ødven om korleis ein kan bli skodespelar.
Til stades var også DUS-dramatikar Karoline Una Moen med ein skriveworkshop for festivaldeltakarane.