Hausten og vinteren 2023 satt ungdom mellom 14 og 20 år frå heile Noreg og skreiv teatermanus til DUS sin scenetekstkonkurranse. Då klokka slo midnatt 4. januar 2024 og fristen for å sende inn tekstar gjekk ut hadde DUS fått inn heile 40 nyskrivne scenetekstar frå heile landet.
Juryen, som bestod av dramaturg Anders Hasmo, dramatikar og skodespelar Julian Karenga, instruktør og leiar for Dramatikkens hus Line Rosvoll, brukte to månadar på å lese alle dei innsende tekstane og valde til slutt ut ni finalistar. Finalistane blei invitert til eit scenetekstseminar på Det Norske Teatret i Oslo. Der fekk dei mellom anna tilbakemelding på tekstane og delta på skriveverkstad med Maria Tryti Vennerød og Fredrik Høyer. Etter seminaret fekk finalistane skrive eit endeleg utkast av manusa. Dei nye versjonane blei på nytt lest av juryen som sende eit utval vidare til styringsgruppa i DUS kor den endelege avgjerda blei tatt.
Og vinnarane var:
1. REFLEKSJONER av Elliot Nilsen-Bie.
2. FOR ALT VI HAR OG ALT VI ER av Marlin Aurora Øien og Sofia Jacobsen Wheeler.
3. FEBERDRØM av Celina Aanes Larsen.
Førsteplassen gjekk til ein glad og overraska Elliott Nilsen-Bie frå Alta med teksten «REFLEKSJONER» som handlar om alvorleg sjuke Ludvig som bor på eit sjukehus. Når vi spurte 14-åringen om bodskapet i teksten sa han: «du kan ikkje planleggje livet ditt, men ta det som det kjem. Gjer det beste ut av det.» Sigeren blir feira med sushi og gulrotkake.
Marlin Aurora Øien og Sofia Jacobsen Wheeler, 19 år frå Oslo, pakka ut av romma sine på Romerike folkehøgskule då dei fekk vite at dei tok andreplassen. Dei tok ei pause frå pakkinga og feira med is i sola. «FOR ALT VI HAR OG ALT VI ER», som dei ønskjer skal førebyggje og opplyse, handlar om seksuell trakassering blant unge i forsvaret og er basert på dokumentarisk materiale.
Det var ein strålande glad Celina Aanes Larsen som feira tredjeplassen på balkongen sin med nysteikt surdeigsbrød, vassmelon og limonade. Hennar tekst «FEBERDRØM» handlar om å vere ung og nysgjerrig på bygdas diskotek, og om å finne seg sjølv i et kaos av kjensler og uskrivne reglar. I følge 20-åringen frå Sarpsborg er bodskapet «å stole på sin eigen draum».
DUS er glad for alle bidrag til scenetekst-konkurransen! Nå håper vi på nye spennende tekster i 2026!