Martin Ingebrigtsen

Martin Ingebrigtsen har skrevet Hjortejenta:

Synne er død og no er Maiken aleine. Men ho har slike draumar, om at Synne er i skogen. At ho ventar og kallar på ho. Og ein dag møter Maiken ei snakkande kråke som heiter Lærar. Lærar forteljer om Det Store Dyret i skogen, og om skogen som er grensa mellom liv og død, og samen går dei inn for å finne Synne. 

Hjortejenta er ei soge laga av draum, sorg og kjærleik, satt i ei verd kor alt er mogleg.

 

Om Martin Ingebrigtsen:

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet. Kritikarane kalla boka «djerv», «oppsiktsvekkende fin» og ein «moden og formbevisst debut» og skreiv at uttrykket hans var «følsomt og stilsikkert». 

Han følgde opp med Bukk & Sigd i 2023 og mottok både Hauge-stipendet 2024 og Bokhandelens forfattarstipend 2024. Juryen for sistnemnde skreiv at Ingebrigstens «innfall er så vilt kreative, samtidig som han har et uomtvistelig talent for å skape vellykkede poetiske bilder og setninger som får det til å søkke i leseren».

Ingebrigtsen arbeider også som omsettar, og har omsett mellom andre Åsa Maria Kraft, Nathaniel Farrell, CAConrad og Julia Camifiejeva.

Videointroduksjon av Hjortejenta

Forestilling: Hjortejenta