Helene Guåker har skrevet Dansar i mørkret:
Dansar i mørkret handlar Manu, ein tenåring som har drøymt om å bli profesjonell ballettdansar heilt sidan barndommen. Alt i livet handlar om det. Ho kan alt, veit alt om ballett, er 100 prosent dedikert, livet hennar ER ballett, og det eineste som betyr noko er å komma inn på Nasjonalballetten. Men det er noko med kroppen hennar som ikkje funkar som det skal, noko som gjer at ho ikkje får til utoverrotasjon - ein heilt grunnleggande bevegelse i ballett. Det er starten på slutten, men kanskje også starten på noko heilt nytt?
Om Helene Guåker:
Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for barn, ungdom og vaksne, både romanar og dikt. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, medan ho i 2020 blei nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. I 2025 kom romanen Stella står i det, som blei nominert til Kritikarprisen.