Marit Eikemo har skrevet teksten «Redd ein fjord».
Kort om teksten:
Naturvernorganisasjonar har mobilisert til aksjonar for å hindre eit børsnotert industriselskapet (Selskapet) å rive fleire bygg i Bygda, og dekke tre kvadratkilometer av botnen av Fjorden med store mengder kjemikaliar og steinrestar. Dumping av gruveslam vil ramme livet i fjorden hardt og få store konsekvensar for lokalbefolkninga.
Ungdommar frå Bygda og tilreisande aksjonistar frå heile landet har aksjonert i tre veker. Handlinga går føre seg på dagen for storaksjonen, frå morgonen når dei først tar seg inn på anleggsområdet for å lenke seg fast.
Om Marit Eikemo:
Marit Eikemo (f. 1971) er forfattar og kulturleiar frå Odda, busett i Bergen. Ho debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut sju romanar, den seinaste er Vi er brødrene Eikemo (2024). Ho har også skrive novellesamlinga Hardanger og essayboka Samtidsruinar. Eikemo har skrive for teater og opera, og ho mottok Amalie Skram-prisen i 2017. Ho var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018, og mottok Samlagsprisen i 2019.