Amy Black Ndiaye har skrive teksten For ung til å dø. Stykket er sett i eit basketmiljø og handlar om draumar, vennskap og ærlegdom.
Amy skriv om seg sjølv: «Eg elskar historier som er nedpå, autentiske og ærlege. Eg er glad i det som kjennest dokumentarisk sjølv om det er fiksjon. Det kjem tydeleg fram i alt eg lagar. No sist NRK-serien Verden er min, som på alle måtar er ein sjangerhybrid.»
Om For ung til å dø:
For ung til å dø går føre seg i garderoben til eit basketlag. Det kjekkaste med basket er å spele med venner. Men på eit tidspunkt begynner ambisjonane å variere – nokon vil spele for gøy, mens andre vil spele for å bli best.
Når Bim truar med å slutte, kjem dei mindre flatterande, men underhaldande, sidene av kvar enkelt lagspelar fram. For ung til å dø handlar om vennskap og draumar. Om eit basketlag som risikerer å miste sin beste spelar, og kva dei er villige til å gjere for å behalde henne.