Ameli Eikner

Ameli Eikner er 16 år og født i Bergen, der ho budde til ho var 15. Då flytta ho til Frankrike, der ho er med i eit treårig program og tar vidaregåande. 

Ameli skriv om seg sjølv og teksten Ord mot ord: «Eg har alltid elska å uttrykke meg kreativt, og opp gjennom åra har eg hatt mange fritidsaktivitetar, blant anna song, dans, teater, piano og så vidare, der dans har vore ein konstant lidenskap sidan eg var 3 år. Eg oppdaga lidenskapen min for skriving då eg var 13, under pandemien. Det fanst rett og slett ikkje så mykje å halde på med, så då bestemte eg meg for å begynne på ein roman. Eitt år etterpå hadde eg skrive nesten 300 sider av denne romanen, og sjølv om eg ikkje har jobba med det prosjektet på ei stund, så har eg ikkje slutta å skrive sidan då. Dette stykket har vore utruleg viktig for meg å skrive, og eg håper det kan nytast av andre, i tillegg til å få dei til å reflektere.»

Om Ord mot ord:
I Ord mot ord har Eva nettopp begynt på vidaregåande saman med vennegjengen. Livet ser lyst ut, og vennene bestemmer seg for å starte skoleåret med ein fest. Men på denne festen blir det tatt ulike val. Eva «blækkar ut», og måndagen etter begynner rykta å gå. Kva skjedde eigentleg inne på rommet til Viktor? Kven fortel sanninga, og kven skal vennene tru på når det bokstaveleg talt er ord mot ord?

Ord mot ord er eit autentisk og realistisk stykke om seksuelle overgrep blant ungdom og konsekvensane av det. Stykket har sju større roller (fire jenter og tre gutar) og fleire mindre roller, som ein eventuelt kan byte kjønn på.

 

Forestilling: Ord mot ord