Endre Lund Eriksen

 

 

Endre Lund Eriksen, født 1977, er forfattar, regissør og dramatikar. Han har skrive ei lang rekke kjente barne- og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Pitbull-Terje og Dunderly. Romanen Den sommeren pappa ble homo (2012) har blitt sett opp som teater både i Noreg og i Danmark. Andre ungdomsbøker er Hvordan jeg tjente min første million (2020) og Baksiden (2017). Lund Eriksen har fått ei lang rekke prisar for forfattarskapet sitt, og bøkene hans har blitt omsett til fleire språk. Han er òg filmmanusforfattar og regissør, og medeigar i filmselskapet Fabelfjord.

Om Kim

Kim feiar inn på den nye skolen med sin ikkje-binære kjønnsidentitet og møter beundring og respekt. 

Men så blir alle opptatt av om Kim «eigentleg» er gut eller jente. Fotballguten Jonny vil vite om han har forelska seg i ein gut, svømmetalentet Sandra må finne ut om ho har fått ein uslåeleg konkurrent. Politisk engasjerte Oddny vil at Kim ikkje skal avsløre hemmelegheita, men forstår ho eigentleg kva Kim slit med?

Og midt i alt dette står Kim, som berre treng å vere Kim.

Forestilling: Kim