Malmfrid Hovsveen Hallum (f. 1979) er utdanna ved Rose Bruford College i England og Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Ho har skrive over tjue dramatiske verk som har vore oppførte nasjonalt og internasjonalt. Ungdomsteaterstykket Rekonstruksjoner blei nominert til Ibsenprisen i 2014, og Solveigs 2. sang vann Ibsenprisen i 2018. Hallum har skrive sceneteksten til Asfaltpuls, som i Mine Nilay Yalcins regi blei nominert til årets framsyning av teaterungdom.no i 2018 og Scenekunstbrukets pris Gulljerven i 2021. Hallum dramatiserte Jonas av Jens Bjørneboe for Kilden teater i 2020.
Om Prometeus er død:
Prometeus er død er basert på den sanne forteljinga om 15 år gamle Victor Lopez, som blei funnen hengande frå eit tre ein haustkveld i 2001. Vennene til Victor får beskjed om at han tok sitt eige liv, men dei er overtydde om at han blei drepen. Teksten er eit vitnesbyrd om tapet av ein bror, kjæraste og venn, kampen for å komme seg vidare i livet, og trua på at sjølv om vi blir borte, skal vi aldri forsvinne. Prometeus er død hentar inspirasjon frå både gresk tragedie, mytologi, rap og hiphopmusikk.