Birgitte Larsen er født i 1981 og vaks opp på Feda, ei lita bygd på Sørvestlandet. Ho fullførte skodespelarutdanninga på Teaterhøgskolen i Oslo i 2003 og debuterte same året i Bikubesong på Det Norske Teatret. Sidan har ho jobba på Nationaltheatret, der ho i dag er fast tilsett. Her har ho mellom anna spelt Hedvig i Vildanden, Agnes i Et drømspill og Grace i Renset. I 2007 vann ho Heddaprisen for rolla som Laura i Glassmenasjeriet. I 2020 hadde ho premiere på Reform 97, som ho skreiv saman med dei tre andre skodespelarane og regissøren av stykket.
Larsen har òg medverka i spelefilmar, mellom anna Lyset fra sjokoladefabrikken og Som du ser meg av Dag Johan Haugerud, og Gritt av Itonje Søimer Guttormsen frå 2021. I 2015–2016 gjekk Larsen på Skrivekunstakademiet i Bergen og har etterpå skrive tre skodespel. Det første stykket hennar Rådyret på den andre siden av elva blei vist på Dramatikkfestivalen i 2019. I perioden 2020–2021 var ho husdramatikar ved Dramatikkens hus. Nye måter å fly på er hennar tredje dramatiske verk.
Kort om Nye måter å fly på:
Nye måter å fly på handlar om seks ungdommar som drar til ei fråflytta øy for å starte eit økologisk kollektiv og finne nye måtar å leve på, i pakt med naturen og kvarandre. Men snart viser det seg at motiva for å vere på øya er litt ulike: Der det for nokon handlar om å redde verda frå klimakrisen, er det for andre meir ein slags ferie, eller eit påskot for å vere saman med dei andre. Og kva er eigentleg den beste måten å forhalde seg til undergangen på, når alt kjem til alt?
Nye måter å fly på er skrive i ein lett og nokon gonger satirisk tone, men forsøker å ta på alvor det dramatiske i å vere ung i ei verd som er trua av eksistensielle krisar.
Stykket har sju roller. Fire av dei har jentenamn, tre er skrivne som gutar, men kjønna kan lett bytast rundt på. Det kan òg vere aktuelt å dele opp nokon av rollene, slik at dei kan spelast av fleire.