(født 1971)
Lars Mæhle er frå Sunndalsøra og debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002). Filmen Keeper’n til Liverpool (2010), som vann Krystallbjørnen for beste barnefilm ved filmfestivalen i Berlin (2011), er basert på denne boka. Han har skrive ei rekkje bøker for barn og unge, ma. fantasyromanen Landet under isen (2009) som mottok fleire prisar. Han har òg skrive ei novellesamling for vaksne, Korea, noveller om kjærleik. Han har og har begynt på ein krimserie med Ina Grieg i hovudrolla. Med DUS debuterer Lars Mæhle som dramatikar.
Teksten Lars Mæhle har skrive for DUS heiter Vinden.
Om Vinden:
Handlinga i Vinden føregår over ein kveld og natt i ein liten dal. Ramma er ein russedåp. Vi får følgje eit knippe ungdommar på terskelen til vaksenlivet. Kva vil skje med dei heretter? Kven kjem til å flytte frå dalen? Kven kjem til å bli? Kva har lagnaden i ermet for dei?
Det blæs opp til storm denne natta. Og livet til kvar og ein av ungdommane blir sett på spissen, kanskje til og med snudd på hovudet. Kjenslene og lengslane deira kjem gradvis for ein dag. For alle ungdommane ber i seg ei trong til å bli sett. Alle ønskjer å elske – og bli elska. Men ikkje alle når fram med kjenslene sine. Ikkje alle får det til. Ikkje alle tør å sleppe seg ut i kjærleiken. Og kva skjer med dei som gjer det?
Vinden er på eitt plan ei kjærleikshistorie, men òg eit eksistensielt drama. Men mest av alt er stykket kanskje ei reise gjennom kjensler, så mange, sprikande og kvervlande dramatiske som kjensler berre kan vere når ein er ung.