Olaug Nilssen

(født 1977)

Olaug Nilssen er ein norsk forfattar og dramatikar. Nilssen har studert litteraturvitskap og nordisk ved Universitetet i Bergen, og har vore elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte som forfattar med romanen Innestengt i udyr i 1998, og ho har seinare gitt ut fleire bøker. Romanen Få meg på, for faen er mest kjend, også som teaterstykke og film. Nilssen har og skrive stykket Stort og stygt som hadde premiere med stor suksess på Det Norske Teatret i mars 2013.

Teksten Olaug Nilssen har skrive for DUS heiter Jenta som ingen kunne mobbe.

Om JENTA SOM INGEN KUNNE MOBBE:  Saman med foreldra har Guri motvillig flytta frå Oslo til eit typisk bygdemiljø. Det går ikkje like glatt som ho påstår. Ho insisterer på at ho ikkje bryr seg om at klassekameratane plagar henne. Korleis kan det vere mulig? I Jenta som ingen kunne mobbe møter vi ei jente med sterk tru på seg sjølv, ei jente som er annleis, men også sårbar, og vi får sjå kva slags mekanismar som kjem i sving når ein kjenner seg utsett og avvist. Jenta har òg foreldre, og deira roller kan absolutt diskuterast.

 

Media