Om Super av Knut Nærum

Karin Zahl er ikkje som dei andre jamaldringane og ho veit det. Ho har alltid vore spesiell, hatt spesielle evner. Ho er lynrask, så rask at andre ikkje fattar kva som skjer. Men det er ikkje berre berre å vere så forskjellig. Ho møter opp hos Doktor A som har innkalla henne og andre med avstikkande spesialitetar. Saman skal dei forsvare seg mot den farlege og mystiske Madam B som kan infiltrere alle miljø, som vil drepe slike som dei og slavebinde heile menneskeslekta. Hos Doktor treffer ho likesinna, som Crunsh, Kilo, IQ og Angst, og sjølv kallar ho seg Rush. Men det er noko som ikkje stemmer, kan ho eigentleg stole på at dei nye vennene er det dei gir seg ut for, at Doktor A er den han er, at ikkje Madam B alt har infiltrert heile motstandskampen. Nei det er ikkje lett å finne seg sjølv

Her kan du laste ned teksten
| stykkebank