1975 av Jesper Halle
1975 er skrive som eit kollektivdrama i 22 scenar. Vi følgjer ei gruppe ungdommar gjennom eit flettverk av handlingar over to og eit halvt døgn på hyttetur i Danmark. Dei håper på sex, drømmar om kjærleik, fablar om kommunisme, syng songar på alvisk, og vonar at det lokale diskoteket berre ein einaste gong vil spele ein ok låt. Dei er verdast beste venner, bortsett frå dei som ikkje vart invitert, dei som ikkje passar inn, og dei som drit seg ut. Jentene har kjøpt kondom, gutane har boksøl, Suisaid freistar å leve opp til kallenamnet sitt, men ingenting går heilt etter planen for nokon av dei.