Samfunnsånd

Citizenship vart skrive for Connections, den engelske varianten av DUS i 2005, og etter den nasjonale festivalen i 2005 vart stykket ein del av det ordinære repertoaret ved National Theatre. Dramatikaren Øyvind Berg har omsett teksta til norsk for DUS under tittelen “Samfunnsånd”.
I stykket møter vi unge menneske som ikkje har funne sin samfunns-identitet eller utforska seksualiteten sin. Tom oppsøkjer venninna si Amy for at ho skal lage hol for ein ring i øyret hans. Medan han søv, drøymer han at nokon kysser han, men han kan ikkje sjå om det er ei jente eller ein gut. Ringen blir sett i feil øyre, og der er den eit teikn på å vere homofil. Amy kuttar seg når ting blir vanskelege, og mora har sendt henne til psykolog. Amy har fått ei dokke på skulen, ei dokke som ho skal lære å stelle som ein baby. Læraren, de Clerk, dreg seg unna når Tom utfordrar privatlivet og dei seksuelle preferansane hans. Ray og Stephan er homofobe, og Gary røykjer dop. Og alle jentene bytest på med å stelle dokka som Amy har fått frå skulen.

Roller:
Amy
Tom
Gary
Ray
Stephen
Kerry
Chantal
Alicia
de Clerk
Melissa
Tarotmester
Baby
Martin
Klikk her for å lese om Mark Ravenhill
Stykkebank