Sirilinn Fri

bur no på Kyrksæterøra, men har flytta mykje rund og sett litt av kvart. Ho har alltid hatt stor interesse for teater og musikk. Ho begynte å synge i kor da ho var tre år, og har lenge hatt eit ønske om å jobbe med teater og musikk. Ho har deltatt i fleire mindre skodespel, både innandørs og utandørs, og skrive manus til skolestykke ol. men aldri drive det så langt som i denne DUS-konkurransen.

Om En ny venn i døden En ny venn i døden handlar om kontrastane mellom to ulike liv og verdenar. To unge jenter frå heilt ulike miljø med heilt ulike livsvilkår møtest. Maria og Minaya. Jenta frå det trygge sosialdemokratiske Norge får eit realt verkeligheits-sjokk. Den bortskjemte og sjølvopptatte Maria blir med Minaya på ei vandring inn i eit samfunn der uendeleg fattigdom og råskap pregar alt og alle. Det livet ho har levd fortonar seg no uverkeleg og vondskapen stiller henne overfor val som nesten er umenneskelege.