Anders Duus

Anders Duus er ein svensk dramatikar, dramaturg og omsetjar. Han er utdanna ved Dramatiska Institutet frå 2001 – 2004, og har etter endt utdanning vore engasjert ved dei fleste store teatra i Sverige. Han har skrive rundt 40 teaterstykke for ungdom, barn og vaksne. Mange av stykka er sett opp ved fleire teater i Sverige og andre land i Europa. I åra 2005 til 2013 var han tilsett ved Riksteatern. Frå 2015 har han vore dramaturg ved Örebro Länsteater, og kombinerer arbeidet der med skriving og undervisning. Anders Duus skildrar gjerne samtida med eit ikkje-urbant blikk. For tida skriv han eit stykke om svensk gruvepolitikk for Riksteatern og eit stykke bygd på intervju for Helsingborgs Stadsteater.

Om Hyenar
Fem jenter, som på ulikt vis, er outsiderar på skolen sin, finn saman i et fellesskap; Inspirert av eit gruppearbeid i samfunnsgeografi blir dei hyenar. Ein hyene bryr seg ikkje om korleis han ser ut, eller korleis han luktar. Ein einsam hyene er feig, men i flokk vik dei ikkje for nokon. Snart er dei ikkje lenger usynlege, dei lar seg ikkje kue lenger, blir ikkje mobba. Dei blir frykta. Stadig fleire sluttar seg til, og offera blir etter kvart gjerningskvinner. Det kan ikkje fortsette slik, men korleis skal dei avslutte det dei har sett i gang?
Det som begynte som ein vellykka overlevingsstrategi kjem ut av kontroll og får uante konsekvensar som set menneskeliv i fare. Stykket har fjorten roller, 11 jenteroller og tre guteroller, men det er mogleg å endre kjønn på nokre av rollene. Teksten er omsett av Maria Tryti Vennerød.