Gine Cornelia Pedersen

Foto: Pernille Marie Walvik


(født 1986)

Gine Cornelia Pedersen (f.1986) frå Oslo er utdanna skodespelar ved Teaterhøgskolen i Oslo i årene 2012-2015. I 2013 debuterte ho som forfattar med romanen Null, på Oktober forlag, og fekk Tarjei Vesaas debutantpris. Hausten 2015 gav ho ut si andre bok, Kjærlighetshistorie eller Utenom og hjem eller Et Epos, på same forlag. Ho jobbar som skodespelar ved sida av skrivinga, og Game on – eller meninga med livet, som er tittelen på teksten for DUS, er det første ho skriv for scenen.

Om Game on – eller meninga med livet.
Unn Blund spelar på ein gameboy frå 1993. Sissel på hjørnet vil bevare seg sjølv, verdiane sine og det norske språket. Kari et nøtter og gulrøtter, men skryt av å ete kva ho vil. Pål the man prøver å vere kul. Randilir Olava har begynt å kle seg ut og late som, og Naomi Rundtomkring er ofte rundt og leiter. Tatiris Popcorn, han som skal leie showet, og ikkje minst spelet, veit ikkje ein gong kven han er, eller kva han driv med. Kva driv dei med, deltakarane i The Ultimate Multiplayer Game? Kva leiter dei etter? Kven er dei for kvarandre? Og vil dei finne meininga med livet?