Siri Broch Johansen

Foto: Aslak Mikal Mienna


(født 1967)

er eIn samisk forfatter, dramatikar, songar og språkarbeidar frå Tana i Finnmark, og studerer no MA i teater med fordjuping i scenetekst ved Kunsthøgskolen i Oslo. Siri debuterte i 1992 med diktsamlinga Opp av brønnen og har m.a. gitt ut fleire lærebøker på samisk og ei rekke barne- og ungdomsromanar. Ho var blant bidragsytarane i Nordnosk forfatterlags jubileumsantologi. Som dramatikar har ho produsert cabareten Samenes aften (Odne lea du vuorru), musikkteaterframsyninga ČSV-republihkka (2013) og Gurut guvlui Heahtás blei spelt på Beaivvàs (Det samiske nasjonalteatret) i 2014.

MariAmira - en fortelling om FLUKT er utvikla i samarbeid med elevar frå dramalinja på Kongsbakken VGS i Tromsø. Amira har flykta frå Damaskus i Syria over Middelhavet og har slektningar spreidd over heile verda. Amira og mora har hamna i Hammervåg, langt nord i det langstrekte Norge. Staden ho kjem til ber også på skjulte historier om flukt. Maria veks opp i Hammervåg under 2.verdskrigen. Kanskje har dei to jentene ei historie som liknar kvarandre meir enn vi trur? Bomber, truslar, håp og draumar pregar to parallelle historier frå to ulike tider. Gjennom fortid og notid er publikum med på ei reise inn i historia om flukta og med fleire utfordrande og spennande sceniske grep vil publikum oppleve flukta og følgjene på kroppen.