Kristofer Gronskag

Foto: Andrea Haugerud


Kristofer Grønskag (f.1984) er frå Frøya i Sør-Trøndelag. Han er dramatikar og universitetslektor og debuterte i 2009 med stykket Den elskede. Sidan har han skrive ei rekke tekstar både for barn, ungdom og vaksne. Stykka hans er så langt omsett til åtte språk. I 2012 vann stykket hans Den elskede Amsterdam Fringe Bronze Award.

Produksjonen Kinder K hadde urpremiere under Norsk Dramatikkfestival 2013, eit stykke som òg vann andreplassen i Norsk Teaterråds manuskonkurranse, og som våren 2016 hadde internasjonal premiere i København. Andre titlar er Satellitter på himmelen, Gutten, Hybris, Og alt skal bli borte og Demokratikk. Grønskag var husdramatikar ved Dramatikkens Hus 2013-2015. I 2014-2015 var han norsk representant i European Writers Lab. Å telle til null er tittelen på stykket han har skrive for DUS.
Om Å telle til null
Å telle til null er bygd opp nesten som ei bombe. Frå scene ti og tel vi ned ned til scene null. Vi møter ungdommar som alle blir påverka av kvarandres handlingar: Vi Gjengen som lagar ein youtube-hit på ei jernbaneskinne, ei ung realitystjerne og ein stalker, dei som har jobben med å vaske ihelkjørte dyr av tog, og dei som lurer den fysisk utviklingshemma Lars til å stele fyrverkeri. Og ikkje minst ein sjuk hund og ei død ku. Altså eit lappeteppe av eit stykke som heng saman og stiller spørsmål. Er det for eksempel lov å ikkje vere konstant glad i lykketyranniet? Tør ein vise kven ein eigentleg er, når alt berre er fasade? Og kva skjer eigentleg når ein får nok, når ein har talt til null?