Hedda Bech

er 17 år gammal og kjem frå Hatteng i Storfjord kommune i Nord-Troms. For tida går ho på dramalinja på Kongsbakken videregående skole i Tromsø. Ho begynte med teater i fjerdeklasse og tok til å skrive dramatikk da ho begynte på vidaregåande.I førsteklasse på vidaregåande stifta ho og ei venninne amatørteatergruppa "Intellektuelt" som i 2015 hadde premiere på det første stykket hennar, «Skeiv» og seinare på komedien «Er hun verdt det». Til no har ho skrive sju stykke, og har fleire på gang.

Om Morgendagens motgang
Hermine og bror hennar, Espen, må flytte frå far sin i Bodø til mor som bur i Sogn. Mot alle odds trivest Hermine på den nye plassen, og trass i at mora ikkje er helt slik ho hadde venta, smiler det nye livet til henne. Men så oppdagar ho til si store forskrekking at Espen er homofil. Kva skal ho gjere? Viss mora får vite det, blir vel alt øydelagt? Hermine gjer det ho kan for å «redde» familien, men livet er fullt av overraskingar. Ei meir enn festglad mor og ein stup forelska bror, lærer henne eitt og anna om livet.