Tron-Petter Aunaas Nilsen

(f. 1998)

Tron-Petter er frå Rælingen i Akershus. Han har gått på Forfatterstudiet i Bø, og studerer for tida ved Universitetet i Bergen. Tidlegare har han skrive lyrikk og dramatikk, bl.a. stykket “Et sted, langt borte”, satt opp av Akershus Teater i 2017. Teksten vart skriven for ungTEKSTakershus - Akershus Teaters satsning på unge dramatikare, og vart utgjeven i bokform som ein del av Akershus Teaters antologi med scenetekstar.

Våren 2018 vann Tron-Petter Den Unge Scenens Dramatikkonkurranse med sceneteksten ‘’Barn som leker’’.

 

om BARN SOM LEKER

I stykket “Barn som leker” møter vi fire barn som berre forsøker å halde leken igang. Men etterkvart som leken held på, kjem forstyrrande ting til uttrykk gjennom barnas handlingar. Det viser seg raskt at dei alle veit ting dei ikkje burde vite. Og ingen veit sikkert kor foreldra er eller kva dei gjer. I “Barn som leker” forsvinn det uskyldige frå leken.