Eirik Fauske

(f. 1982)

Eirik er dramatikar og regissør. Fauske vart uteksaminert frå Kunsthøgskulen i Oslo med ein master i regi våren 2017, og har i tillegg ein skodespelarutdanning frå HiNT i Verdal. Han har arbeidd i fleire år som dramatikar og regissør.

Han har skrive, regissert og egenprodusert fleire verk for scena, deriblant LINDÅS og LIVE - Sorgarbeid. Teksten Under barnehagen vart i 2011 nominert til Ibsenprisen og har blitt produsert i Norge og fleire gongar i Tyskland. I 2015 gjendikta han Stormen av Shakespeare som vart satt opp på Haugesund Teater, og for Det Norske teatret har han vore aktuell med både Bibelen og Åstaddikting. I 2017 er han aktuell med ei kraftig nyskriving av Draumkvedet for scenekunstkompaniet Ymist, som skal turnere ulike grendehus i Noreg.

 

om EIN RYTTAR NÆRMAR SEG

Ei støvsky med småstein eller rusk eller berre ei vogn nærmar seg. Eit arbeidslag går framfor ein kulisse for å plante eit frø, eller ein familie i ein bil køyrer fortare og fortare, eller denne vogna humpar seg bortetter svevar nesten. Eit underleg og urovekkande stykke om ein vogn eller ryttar eller horisont som nærmar seg, på ein prærie i ein hage langs ei elv, eller i eit maleri i dette eller i eit anna århundre, med fleire fragmenterte og tidvis gjentekne forløp presentert av eit stort tal av personer.