Kjetil Indregard

(f.1972)

Kjetil debuterte som scenedramatikar i 1994, og har siden skrive og regissert for både film, teater og fjernsyn. I tv har han jobba mykje opp mot barn og unge, blant anna som manusforfattar til Linus i Svingen, Jul i Svingen og Orps. I filmsamanheng har han skrive manus til barneskrekkfilmen Lille Frøken Norge. Av scenetekstar kan nemnast Norsk Reisning (Riksteateret), Neste Kamp (Oslo Nye), En får væra som en er (Torshovteateret), Tylefakte (Sogn og Fjordane Teater) og Aladdin og Shabana (teaterteltet i  Frognerparken), samt diverse stykke for teatergruppa Avslørte Bondepiker (bl.a. Rompetryne og Tre Syke Søstre). Han har og skrive for Hotel Cæsar, En god nummer to, Helt Perfekt med Thomas Giertsen og Maniac, og hadde dessutan ideen til grøsserkomedien Jul i Blodfjell.

 

om DEN STORE KLASSEPESTEN

Charlotte er klassens bitch og sjefsmobbar, men under ein bursdagsfest heime hos ei av dei andre jentene, går ho for langt. Resten av klassen får nok, og bind henne fast til ein stol. Derifrå og ut handlar stykket om kva klassekameratane skal gjere med ho. Nokre meiner dei må sleppe ho laus igjen, medan andre synest dei skal torturere henne litt først. Enkelte meiner dei bør prøve å få ho til å forstå at ho øydelegger miljøet i klassen. Og nokon foreslår at dei rett og slett tar livet av henne og grev henne ned i skogen ...