Mari Hesjedal

(f. 1980)

Mari frå Voss er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har ein MA i scenografi frå Central Saint Martins Collegeof Art and Design i London, filmutdanning frå International Film School of Wales, og i 2013-14 gjekk ho Forfattarstudiet i Bø. Ho har deltatt på Norsk Dramatikkfestival med tekstane Culparegelen og Bilde av frukt som rotnar, og blei i 2015 tildelt arbeidsstipend frå Statens Kunstnerstipend. Mari Hesjedal vil i 2018-2019 vere husdramatikar ved Dramatikkens Hus.

 

om LIK MEG

Me møter ei gruppe ungdommar i verda deira. Denne verda er som alle andre verder, seier dei. Det finst folk og det finst reglar: Lik meir. Le meir. Se meir. Del meir. Lik fotball. Lik smoothie. Lik botox. Lik blonder. Lik lykke. Lik venner. Lik kvite tenner. Lik høge ambisjonar. Lik telefonar. Lik resultat og prestasjonar. Lik meg. LIK MEG handlar om å finne seg  sjølv, (i) kvarandre. Det handlar om å like og bli likt i ei verd som kanskje er grenselaus. Det handlar om kjensler og kyss, og eit virus.